Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Når dette skrives nærmar talet på palestinarar drepne av Israel på Gaza seg 20 000. Israel oppgir 100 falne israelske soldatar, noen av dei blant 1200 som blei drepne av Hamas i massakrane den 7. oktober. Altså er meir enn 15 palestinarar drepne for kvar israelar. Etter at Israel gikk inn i enklaven for å utrydde Hamas er talet ein israelar per 200 palestinarar. Den menneskelige lidinga bak tala er knapt til å fatte.

USA la for andre gong ned veto mot ei humanitær våpenkvile på Gaza, mot 13 medlemmer av Tryggingsrådet som krevde dette. Ingen stemte med USA, berre Storbritannia avsto frå å stemme. I Europa er støtta til Israel sterkast i Tyskland. I aukande grad blir anti-sionisme der sidestilt med anti-semittisme, altså sett på som kriminelt. Forståsegpåarar her i landet forklarer dette med Holocaust og Nazi-Tysklands folkemord på jødane. Ja, kanskje speller kjensla av ei slags kollektiv tysk skyld ei rolle, men særlig logisk er det ikkje.

Sionisme er ideen om at jødane over alt i verda har krav på ein stat i Palestina, der den mosaiske religionen oppsto for 2-3 000 år sia. Anti-semittismen og jødeforfølginga i Europa skapte motivasjonen bak sionismen, dei nasjonale rørslene i Europa på slutten av 1800-talet skaffa tankegodset og det europeiske koloniveldet i Midt-Austen etter første verdskrig gjorde storstilt jødisk innvandring i Palestina mulig. Problemet var berre at Palestina alt var folkesett – av palestinarane. Sionismen kunne berre bli ein realitet gjennom kolonisering – i ein busettarkoloni. Resultatet måtte bli tragisk – undertrykking, etnisk fordriving, blodige krigar.

Nazistane sitt uhyrlige forsøk på å utrydde alle jødar gjorde sionismen til ei majoritetsretning blant verdas jødar, og ga tilstrekkelig støtte blant den tids land til å opprette staten Israel på eit anna folks jord i 1948. Dersom det tyske folket har eit slags kollektivt ansvar for Holocaust, er det altså enda verre: Da har dei også eit ekstra ansvar for at forsøket på å utrydde jødane i Europa, via sionismen, har skapt enda ein tragedie. Slik foreldra og besteforeldra blei fordrive til Gaza i 1948,er det framleis palestinarane som no betaler prisen for den europeiske anti-semittismen, det er dei som blir tvinga på flukt, blir drepne og bomba. Slik vi har sett har sionismen heller ikkje skapt ein trygg heim for verdas jødar, tvert om.

Nettopp påstanden om at motstand mot Israel og kritikk av sionismen er identisk med anti-semittisme er trulig med på å skape ei ny bølge av anti-semittisme: Her lærer dei uvitande at deres reaksjon mot Israels massedrap og den sionistiske læra betyr at dei er anti-semittar!

Blant dei som gjennom åra har opplyst meg best om Israel, Palestina og sionismen er briten Isaac Deutscher, franske Maxime Rodinson, amerikanske Norman Finkelstein, svensken Gøran Rosenberg og dei to israelske historikarane Ilan Pape og Shlomo Sand. Dei har alle jødisk bakgrunn. Tilhengarane av sionismen avfeier derfor desse og mange andre som ”sjølhatande jødar”. I denne tankeverda er det uforståelig at stadig fleire jødar i verda tar stilling for palestinarane – og at sionistane i mange tiår var ein minoritet blant verdas jødar.

Det er vanskelig å sjå for seg ein varig fred – tostatsløysinga er for lenge sia skote sund av Israels krigar og 700 000 busettarar på vestbreidda. Men det er like vanskelig å sjå for seg at fordrevne palestinarar vil gi opp sin rett til å vende tilbake. Og kampen vil halde fram for like rettar og same verd, for alle mellom elva og havet.

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

QOSHE - Sionismen er problemet - Brigt Kristensen
menu_open
Columnists Actual . Favourites . Archive
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close
Aa Aa Aa
- A +

Sionismen er problemet

10 0
14.12.2023

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Når dette skrives nærmar talet på palestinarar drepne av Israel på Gaza seg 20 000. Israel oppgir 100 falne israelske soldatar, noen av dei blant 1200 som blei drepne av Hamas i massakrane den 7. oktober. Altså er meir enn 15 palestinarar drepne for kvar israelar. Etter at Israel gikk inn i enklaven for å utrydde Hamas er talet ein israelar per 200 palestinarar. Den menneskelige lidinga bak tala er knapt til å fatte.

USA la for andre gong ned veto mot ei humanitær våpenkvile på Gaza, mot 13 medlemmer av Tryggingsrådet som krevde dette. Ingen stemte med USA, berre Storbritannia avsto frå å stemme. I Europa er støtta til Israel sterkast i Tyskland. I aukande grad blir anti-sionisme der sidestilt med anti-semittisme, altså sett på som kriminelt. Forståsegpåarar her i landet forklarer dette........

© Avisa Nordland


Get it on Google Play