I Innlandet er det så mange som 9 av 20 kommunar med høgast andel i denne gruppa med ein prosentandel mellom 17,8 til 21,4% av innbyggarane. For Innlandet i snitt er det 14%.

Det kan vere ulike grunnar til at nokon blir uføretrygda, men det er bekymringsfullt at denne andelen stadig aukar og at det er så mange i Innlandet som blir ståande utanfor arbeidslivet. Søndre Land er den kommunen med høgast prosent og ordførar Anne Hagenborg (Ap) seier til nettavisen.no at dette er ei utfordring dei jobbar med og at dei nå jobbar spesielt mot yngre for å sikre at ikkje fleire fell utanfor arbeidslivet. «Men at andelen trygda aukar, det er jo ei utfordring for heile landet», seier ho.

Det har ho så rett i! Det er ei utfordring for den det gjeld, for næringslivet som treng arbeidskraft, for kommunen, for innlandssamfunnet og for landet. Den som treng hjelp skal få det, samtidig må det kunne stillast krav til den enkelte av oss om å ta ansvar for eige liv som best vi kan.

I 2023 var utgiftene til dette på landsbasis på totalt 118,4 milliardar kroner. Da må vi spørje oss sjølve om vi kan bruke desse milliardane på ein annan måte slik at fleire deltek i arbeidslivet og ikkje blir ståande utanfor.

Det er stadig fleire unge som ikkje kjem i gang med livet sitt. Dei får ikkje fullført utdanninga si og kjem seg ikkje ut i arbeid. Mange av desse slit også psykisk. Sjølv om det er store forskjellar kommunar imellom, er dette ei felles utfordring for innlandssamfunnet.

Vi må stille oss sjølve spørsmålet om korleis vi kom hit. Det er ikkje eit enkelt svar på det, men mange ulike faktorar over fleire år som har påverka denne utviklinga. Eg er redd utanforskap byrjar allereie i barnehagen og oppover i skulesystemet.

Vi har læreplanar og opplegg med gode intensjonar, men kanskje er det for mykje opplegg og for lite plass til kreativitet og utforsking? Vi har tal på at stadig fleire unge i skulesystemet vårt er stressa og at stadig yngre droppar ut av skulen.

Vi i Senterpartiet meiner at vi allereie i barnehagen må ha ein mykje meir praktisk inngang i undervisninga. Vi må kunne stille krav, men krava må vere både forståelege, relevante og oppnåelege for den enkelte i skulesystemet.

Men uansett er det samfunnet i stort som legg premissane.

I eit tidsskrift for NUBU (Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge) den 1. oktober 2019 skreiv Ingvild Stjernen Tisløv, Bufdir, ein refleksjon om korleis vi kan redusere risikoen for utanforskap. Ho peikte på spennet mellom det overordna strukturelle til det nære. Noko av det grunnleggande er å ta tak i grunnane til at låginntekt og sosial ulikheit held fram.

Vi må få ei felles forståing for problema og jobbe saman for å finne gode løysingar. Det er ikkje berre samfunnet i stort, men kva vi alle kan bidra med som medmenneske ved å skape eit inkluderande samfunn frå familien, til naboar, nærmiljø, skule og arbeidsliv. Haldningar, normer og krav som blir stilt og rettigheitene vi har og kva lover og reglar vi må fylgje påverkar dette.

I Innlandet har vi nyleg vedteke ein regional plan for det inkluderande Innlandet. Den må vi fylgje opp med fokus på å bygge gode lokalsamfunn, eit godt arbeidsliv og framtidsretta og tilgjengelege utdanningstilbod. Det er bruk for alle.

QOSHE - «Det er bruk for alle!» - Dølen Author
menu_open
Columnists Actual . Favourites . Archive
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close
Aa Aa Aa
- A +

«Det er bruk for alle!»

5 0
18.03.2024

I Innlandet er det så mange som 9 av 20 kommunar med høgast andel i denne gruppa med ein prosentandel mellom 17,8 til 21,4% av innbyggarane. For Innlandet i snitt er det 14%.

Det kan vere ulike grunnar til at nokon blir uføretrygda, men det er bekymringsfullt at denne andelen stadig aukar og at det er så mange i Innlandet som blir ståande utanfor arbeidslivet. Søndre Land er den kommunen med høgast prosent og ordførar Anne Hagenborg (Ap) seier til nettavisen.no at dette er ei utfordring dei jobbar med og at dei nå jobbar spesielt mot yngre for å sikre at ikkje fleire fell utanfor arbeidslivet. «Men at andelen trygda aukar, det er jo ei utfordring for heile landet», seier ho.

Det har ho så rett i! Det er ei utfordring for den det gjeld, for næringslivet som treng arbeidskraft, for kommunen, for........

© Dølen


Get it on Google Play