22. februar var høyringsfristen for NOUen om «Genteknologi i ei bærekraftig framtid». I forslaga frå utvalet er det ulike anbefalingar om mellom anna bruk av genmodifisert organisme (GMO) i maten enda skal merkes og om behovet for regulering.

Vi må få kunnskap om kva maten inneheld, korleis den er produsert og kvar den kjem i frå. Difor må og all mat som er framstilt ved bruk av genmodifisering merkes som GMO. Vi må sikrast retten til å velje GMO-frie alternativ.

Matprodusentar må få bestemme om dei ynskjer å produsere mat og forbrukarar må få bestemme om dei ynskjer å ete mat som er genmodifisert eller ikkje.

Genteknologi er ein kraftfull teknologi og vi veit ikkje nok om konsekvensane av å ta den i bruk i norsk matproduksjon. Å få nok kunnskap om alle sider ved bruk av GMO er krevjande, og det rører ved viktige spørsmål for oss bygdekvinner. At bruk av GMO er komplekst er ikkje eit argument mot regulering og mot merking, tvert om.

Vi må vera trygge på at ein eventuell bruk gjev stor nytte for samfunnet og at den ikkje øydelegg naturen vår. Det må bli gjort gode vurderingar av kva som er risikoen ved å ta den i bruk, og at genmodifiserte matplanter må kunne spores dersom dei settast ut i naturen.

Skal vi lykkes med ein god nasjonal politikk for ein berekraftig matproduksjon vi har tillit til, må vi sikre ein fornuftig regulering i bruk av GMO. Vi må sikre vår rett til å ha vite og sjølv bestemme kva vi skal ete.

QOSHE - – Sunn skepsis til genmodifisert organisme - Dølen Author
menu_open
Columnists Actual . Favourites . Archive
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close
Aa Aa Aa
- A +

– Sunn skepsis til genmodifisert organisme

12 0
15.03.2024

22. februar var høyringsfristen for NOUen om «Genteknologi i ei bærekraftig framtid». I forslaga frå utvalet er det ulike anbefalingar om mellom anna bruk av genmodifisert organisme (GMO) i maten enda skal merkes og om behovet for regulering.

Vi må få kunnskap om kva maten inneheld, korleis den er produsert og kvar den kjem i frå. Difor må og all mat........

© Dølen


Get it on Google Play