Noreg mista si uskuld 22. juli 2011, er det mange som har hevda. Dagen då ein nazisympatisør øydela regjeringskvartalet og med kaldt blod massakrerte 69 unge AUF-arar på Utøya. Vi var lamma av sjokk, sorg og fortviling, og framleis har ikkje såra grodd etter dei groteske hendingane.

Vi er bare 5,4 millionar innbyggjarar i Noreg, og på eitt eller anna vis ramma det kvar enkelt av oss.

Når eitt menneskje klarte å utløyse så mange sterke kjensler med sitt brutale åtak på det norske demokratiet, kan vi knapt forestille oss kva slags enorme kjensler som blei utløyste av terroren frå Hamas mot Israel 7. oktober i år. Om lag femten hundre menneskje, mange barn og unge, blei drepte, og meir enn to hundre tatt som gislar.

I august 2011 uttalte, den gongen statsminister, Jens Stoltenberg at det han likte med det norske folk var at vi har valgt kjærlighet og samhold som svar på hat og vold.

Statsminister Benjamin Netanyahu sitt svar på terroren mot Israel var at dei skulle utslette Hamas, koste kva det koste ville. La det vere klinkande klart: Det finst inga unnskyldning for Hamas sin terror. Hamas er ei ulykke for det israelske folket og ei enda større ulykke for palestinarane på Gaza.

Kostnadene som Israel si krigføring mot Gaza har, er så groteske, så inhumane, så hjarteskjærande at vi knapt er i stand til å ta det innover oss.

Men kostnadene som Israel si krigføring mot Gaza har, er så groteske, så inhumane, så hjarteskjærande at vi knapt er i stand til å ta det innover oss.

I beste sendetid ser vi bomberegn ta Gaza attende til steinalderen. Meir enn 8.000 er drepte så langt. Av dei er 3.200 barn i følgje Redd Barna. 3.200 barn! Det er ganske enkelt ikkje til å fatte. Barn som skulle leike, gå på skule og skape seg ei framtid, er ikkje meir.

Det bur vel to millionar menneskje på Gazastripa. Kvar einaste bombe som fell, rammar kvar einaste innbyggjar.

Jarl Wåge Jarl Wåge er lærar, kåsør og skribent. (Privat/Dagsavisen)

Eg er heldigvis ingen militærstrateg. Israel har mange av verdas fremste sådanne. Folk som burde vere i stand til å finne måtar å fjerne Hamas på som ikkje medfører slike kolossale kostnader. Kvar bombe som fell over Gaza, skapar hat og sinne og unnfangar nye generasjonar med terroristar.

Så om dei klarer å kvitte seg med Hamas, treng ein ikkje vere sannsigar for å spå at det som skjer no, vil utløyse nye terroråtak og fleire krigar i framtida.

Noreg har i FN stemt for våpenkvile i Gaza. Støre har dessutan gått lenger enn mange andre statsleiarar ved å uttale at Israel bryt folkeretten. Det står det respekt av, sjølv om mange meiner han burde ha gått enda lenger.

Midt oppe i tragedien som utspinn seg, er det ein ting eg er glad for. Nemleg at Sylvi Listhaug ikkje er statsminister i Noreg. Hadde ho vore det, hadde Noreg site på orkesterplass og applaudert alt Israel gjer.

Eg aner ikkje kva Listhaug foretok seg i historietimane på skulen, men på forunderleg vis gjev ho inntrykk av at konflikten mellom Israel og palestinarane starta 7. oktober 2023.

Eg har tidlegare sitert Listhaug på at å anklage politiske motstandarar for å hate, er rein og skjær hersketeknikk. I eit frontalåtak mot Dagbladet nyleg, innleia ho på følgjande måte: «Dagbladets underliggende Israel-hat(!) har vi som har fulgt med en stund ikke kunnet unngå å se».

[ Den jævlige realiteten ]

Ho kjem ikkje med eitt einaste kritisk ord mot Israel. Ho er ikkje i stand til å sjå krigen i ein historisk samanhang. I hennar verd har ei side rett og den andre fullstendig feil. Ho innrømmer rett nok i Dagbladet at «lidelsene i Gaza er grusomme». Like etterpå kjem det eit «men»: «Men for Israel handler dette om deres eksistens».

Nei, fru Listhaug. Dette handlar om både Israel og Gaza sin eksistens, og akkurat no fortel TV-bilda oss at Gaza sin eksistens er mykje meir trua enn Israel sin.

«Det må to til for å danse tango,» heiter det så fint. Tangoen som pågår no, burde vere mellom Israel og Hamas. Det er den ikkje. Dei har dratt med seg to millionar palestinarar inn i ein brutal, bestialsk og dødeleg dans.

[ Israel er blitt en bølle ]

Hold deg oppdatert. Få daglig nyhetsbrev fra Dagsavisen

QOSHE - Bombene drep håpet - Jarl Wåge
menu_open
Columnists Actual . Favourites . Archive
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close
Aa Aa Aa
- A +

Bombene drep håpet

8 23
02.11.2023

Noreg mista si uskuld 22. juli 2011, er det mange som har hevda. Dagen då ein nazisympatisør øydela regjeringskvartalet og med kaldt blod massakrerte 69 unge AUF-arar på Utøya. Vi var lamma av sjokk, sorg og fortviling, og framleis har ikkje såra grodd etter dei groteske hendingane.

Vi er bare 5,4 millionar innbyggjarar i Noreg, og på eitt eller anna vis ramma det kvar enkelt av oss.

Når eitt menneskje klarte å utløyse så mange sterke kjensler med sitt brutale åtak på det norske demokratiet, kan vi knapt forestille oss kva slags enorme kjensler som blei utløyste av terroren frå Hamas mot Israel 7. oktober i år. Om lag femten hundre menneskje, mange barn og unge, blei drepte, og meir enn to hundre tatt som gislar.

I august 2011 uttalte, den gongen statsminister, Jens Stoltenberg at det han likte med det norske folk var at vi har valgt kjærlighet og samhold som svar på hat og vold.

Statsminister Benjamin Netanyahu sitt svar på terroren mot Israel var at dei skulle utslette Hamas, koste kva det koste ville. La det vere klinkande klart: Det finst........

© Dagsavisen


Get it on Google Play