Etter at ei spanskklasse eg hadde for nokre år sidan overtydde meg om at eg måtte ha konto på Twitter og hjelpte meg å opprette ein, må eg vedgå at eg har brukt uhorveleg mykje tid der.

Usunt mykje tid, vil enkelte hevde. Men det var noko med Twitter. Det var staden for gode, sterke, intense, oppheta debattar, humor og masse flotte folk. Nokre av dei har blitt nære vennar.

Så tok Elon Musk over, og Twitter blei X. Musk gjorde nokre grep som førte til at mange av dei fine folka hoppa av og fann seg nye plattformer. Dermed blei det plutseleg mykje større rom for høgreradikale, for konspirasjonsteoretikarar og Trump-kulten å utfalde seg i.

Eg er litt som den standhaftige tinnsoldat og har førebels blitt verande. Kanskje som ein av motstemmane. Men eg merkar at malinga har byrja å flasse av, så kanskje forsvinn eg over til andre beite snart, eg òg.

Jarl Wåge Jarl Wåge er lærar, kåsør og skribent. (Privat/Dagsavisen)

Eit fenomen som ikkje er nytt, men som stadig breier om seg, er forsøk frå ytre høgre på å avnazifisere Hitler og påstå at han var sosialist. Det kan sjå ut som om ideen er som fylgjer: «La oss dytte han ut på venstresida, så slepp vi å bli assosiert med alt det fæle han representerte».

Argument om at noko av det fyrste Hitler gjorde då han kom til makta i 1933, var å forby partia på venstresida, når ikkje inn.

Enda ein trend som har fått meir aktualitet, er å kalle arbeidarpartifolk for nazistar. På Facebook kom eg her om dagen over eit bilde der Jens Stoltenberg hadde blitt fotoshoppa inn i ei naziuniform med full mundur. Dette delte eg på X og kommenterte at det er synd at enkelte skulka historietimane på skulen.

Eg blei prompte fortalt at Stoltenberg er landsforrædar og krigshissar og at mange på Løvebakken støttar nazistar.

I tillegg påsto dei at Ap var systerpartiet til Hitler sitt NSDAP. Støre er visst òg nazist, for ikkje å snakke om Nazi-Barth Eide. Ein hevda at Putin, Orban og Trump er leiarar som har same tanke i hovudet; nemleg folket fyrst.

I sterk kontrast til svikarane som er sette til å styre oss.

Jøss, tenkte eg, endeleg har eg òg blitt ein av Noregs største i noko.

Plutseleg dukka følgjande argument opp i ordvekslinga: «Jarl, en av Norges største brunbeisere klager over brunbeising og skjønner ikke ironien».

«Jøss,» tenkte eg, «endeleg har eg òg blitt ein av Noregs største i noko.» Du lurer kanskje på kva ein brunbeisar er? Ein som påstår at folk er nazistar eller fascistar. Ikkje noko å trakte etter, altså.

Personleg prøver eg å vere tilbakehalden med å tilleggje folk haldningar dei ikkje har. Difor nyttar eg meg ofte av andetesten: Dersom hen ser ut som ei and og kvekkar som ei and, så er hen sannsynlegvis ei and.

Eit omgrep som lenge har blitt brukt av ytre høgre, er «woke». Når folk bruker uttrykket, passar eg alltid på å spørre kva ordet betyr. Det får eg aldri svar på, så eg har konkludert med at det rett og slett er eit skjellsord. Ordet blir forøvrig brukt sjeldnare enn tidlegare, sjølv om ein på X her om dagen kalte meg woke-kommunist, kva no det kan vere.

Dei veit kven som er globalistar. Eliten, må vite. Solberg, Barth’n, Støre og Stoltenberg, sjølvsagt. Og Biden. Men ikkje Trump eller Putin.

Eit anna flittig brukt ytre høgre-ord, er «globalist». Det har hatt mykje lenger overlevingsevne enn «woke» og blir stadig brukt om politiske motstandarar. Enda eit skjellsord, tør eg påstå. Det er nesten ingen som kan definere kva ein globalist er, når eg spør, men det er omtrent det aller verste ein kan vere for tida.

Dei veit kven som er globalistar. Eliten, må vite. Solberg, Barth’n, Støre og Stoltenberg, sjølvsagt. Og Biden. Men ikkje Trump eller Putin. Elles er det ein saleg lapskaus av sosialistar, kommunistar, sionistar og islamistar. Ja, og WEF, World Economic Forum. Intet mindre.

Kva er det så som gjer denne lapskausen så giftig og ufordøyeleg? Jau, det har seg slik at dei konspirerer om å undergrave, bederve og øydeleggje verda slik vi kjenner ho.

Elon Musk Då Elon Musk tok over, og Twitter blei X, hoppa mange av dei fine folka av og fann seg nye plattformer. Dermed blei det plutseleg mykje større rom for høgreradikale og konspirasjonsteoretikarar, skriv Jarl Wåge. (MICHAEL M. SANTIAGO/AFP)

Ein kunne fortelje at WEF åleine har som mål å utrydde vanlege folk. Eg påpeika at det ville bli eit uhorveleg blodbad sidan vi kan gå ut ifrå at minst sju av jordas nesten åtte milliardar menneskje er vanlege folk. Det svarte han ikkje på.

«Dei som ikkje kan huske fortida, er dømt til å gjenta den,» sa den spanske filosofen George Santayana i 1905. Ja, dessverre er det slik at historien stadig gjentar seg.

Det rabiate pratet om globalisme og globalistar, er slett ikkje av ny dato. Den same konspirasjonsteorien var høgst levande i Nazi-Tyskland (brunbeisar eg no?). Den gongen heitte det riktignok ikkje globalisme, men «verdssamansverging».

Då gjekk teorien ut på at det var jødar og kommunistar og sosialistar som konspirerte. Og kvifor gjorde dei det? Jau, nettopp: For å undergrave, bederve og øydeleggje verda slik dei kjende ho.

Strategien var klar: Ved å heile tida snakke om den farlege verdssamansverginga, klarte dei å skape eit fiendebilde og frykt og mangel på tryggleik. Element som var heilt nødvendige for å kunne rettferdiggjere forfølgjing og nedslakting av eit heilt folk, nemleg jødane.

Så lenge antiglobalistane – kva dei er anti, er noko uklart – ikkje heilt klarer å definere kven som er globalistar, klarer dei heller ikkje å skape eit klart og heilheitleg fiendebilde.

Medan dei jobbar med saka, har dei alltids muslimane å ty til.

Hold deg oppdatert. Få daglig nyhetsbrev fra Dagsavisen

QOSHE - Eg, ein brunbeisar - Jarl Wåge
menu_open
Columnists Actual . Favourites . Archive
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close
Aa Aa Aa
- A +

Eg, ein brunbeisar

6 0
16.02.2024

Etter at ei spanskklasse eg hadde for nokre år sidan overtydde meg om at eg måtte ha konto på Twitter og hjelpte meg å opprette ein, må eg vedgå at eg har brukt uhorveleg mykje tid der.

Usunt mykje tid, vil enkelte hevde. Men det var noko med Twitter. Det var staden for gode, sterke, intense, oppheta debattar, humor og masse flotte folk. Nokre av dei har blitt nære vennar.

Så tok Elon Musk over, og Twitter blei X. Musk gjorde nokre grep som førte til at mange av dei fine folka hoppa av og fann seg nye plattformer. Dermed blei det plutseleg mykje større rom for høgreradikale, for konspirasjonsteoretikarar og Trump-kulten å utfalde seg i.

Eg er litt som den standhaftige tinnsoldat og har førebels blitt verande. Kanskje som ein av motstemmane. Men eg merkar at malinga har byrja å flasse av, så kanskje forsvinn eg over til andre beite snart, eg òg.

Jarl Wåge Jarl Wåge er lærar, kåsør og skribent. (Privat/Dagsavisen)

Eit fenomen som ikkje er nytt, men som stadig breier om seg, er forsøk frå ytre høgre på å avnazifisere Hitler og påstå at han var sosialist. Det kan sjå ut som om ideen er som fylgjer: «La oss dytte han ut på venstresida, så slepp vi å bli assosiert med alt det fæle han representerte».

Argument om at noko av det fyrste Hitler gjorde då han kom til makta i 1933, var å forby partia på venstresida, når ikkje inn.

Enda ein trend som har fått meir aktualitet, er å kalle........

© Dagsavisen


Get it on Google Play