På vestområdet foreslo dei freding. På austområdet foreslo dei ein kvote på 500 dyr.

I vår var det teljing frå fly. På vestområdet talde dei like få dyr som i fjor.

På austområdet vart teljinga mislukka og dei gjekk derfor ut frå eit teoretisk tal på reinen. I 2019 talde dei i omlag 2000 dyr her og i fjor omlag 1400. Reinen blir utrydda, og i Sunndalsfjella er han no mestå heilt borte heile året.

Villreinutvalet reknar med at rovdyra, i tal et 6% av vinterstammen.

I Trollheimen blir det betalt erstatning for at rovdyra, jerv og ørn, i tal et 13% av vinterstammen.

Dersom ein nyttar samme tal for tap som i Trollheimen, og ein kvote på 500 i dei teoretiske utrekningane for austområdet, vil talet på rein gå nedover. Reindyra blir endå sjeldnare i Sunndalsfjella.

I naturmangfaldslova § 16 er det skreve;

«Høsting kan bare tillates når best tilgjengelig dokumentasjon tilsier at arten produserer et høstingsverdig overskudd».

I Driva les eg at Toril Melheim Strand som er mangeårig medlem av fjellstyret i Målle, villreinutvalet og tidlegare villreinnemda, ville fortsetje utryddinga på vestområdet med ein kvote på 40 dyr der.

Eg les og; «Hun mener det er et voldsomt press på sosiale medier mot forvalterne av villreinstammen». Eg tolkar uttalen som at vi som bryr oss reinen, mangfaldet og fjellet heile året, skal halde oss unna og halde kjeft. Toril Melheim Strand har gått med alle tri hattane i forvaltinga den tida talet på rein har vorte halvert, og reinen har slutta å trekke utover.

For vel ti år sia ville politikarane i Nesset med Toril Melheim Strand i spissen lage skiheis opp Finnsetlia og til toppane innafor. Dei ville og lage sykkelveg frå Torbuhalsen til Naustvika. Det vart heldigvis stoppa. No vil ho ha oss som har hytter ved Aursjøen og i Torbudalen, bort: https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/kommuneplan-for-nesset-2012---2020--avgj/id751751/

Villreinnemda skal snart ha møte for å godkjenne villreinsutvalet sitt forslag til jakting i haust: https://villrein.no/villreinomrader/snohetta/

Vi kan håpe at dei stoppar utryddinga på austområdet. Reinen er ein del av naturmangfaldet i Sunndalsfjella og.

Erling Rød

2024-04-10 Indre Målle

QOSHE - Fred reinen på austområdet og - Driva Author
menu_open
Columnists Actual . Favourites . Archive
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close
Aa Aa Aa
- A +

Fred reinen på austområdet og

12 0
10.04.2024

På vestområdet foreslo dei freding. På austområdet foreslo dei ein kvote på 500 dyr.

I vår var det teljing frå fly. På vestområdet talde dei like få dyr som i fjor.

På austområdet vart teljinga mislukka og dei gjekk derfor ut frå eit teoretisk tal på reinen. I 2019 talde dei i omlag 2000 dyr her og i fjor omlag 1400. Reinen blir utrydda, og i Sunndalsfjella er han no mestå heilt borte heile året.

Villreinutvalet reknar med at rovdyra, i tal et 6% av vinterstammen.

I Trollheimen blir det betalt erstatning for at rovdyra, jerv og ørn, i........

© Driva


Get it on Google Play