Fredag 5. april skal villreinutvalget for Snøhetta foreslå jaktkvotar for hausten. Eg meinar at reinen no må fredast.

Frå ei teoretisk utrekning, er det forslag om ein kvote på 50 på vest og 500 på aust. Til grunn ligg ein tenkt vinterstamme i år, ein kalvedel pr semle, fellingsdel pr kort og tenkt naturleg avgang. I den forrige planen vart det rekna med naturleg avgang på 4%. I denne planen er den 6%.

Det er forslag om kvotar som etter teoretiske utrekningar skal gje målet, 800 på vest og 2200 på aust, om 6 år.

I Trolllheimen er det tamrein med ein vinterstamme på om lag 1600 dyr. http://www.trollheimen-sijte.no/index.php?sideID=282

I Trollheimen er det og rovdyr som tek rein. Frå rovbase kan ein sjå at det blir betalt erstatning for om lag 210 dyr kvart år. Det er i tal er om lag 13% av vinterstammen. 2/3 blir teke av jerv og 1/3 av ørn.

Eg har rekna teoretisk på snøhettareinen med ein naturleg avgang på 6% og 13%, med og utan jakt.

Teorien viser at reinen bør fredast i minst 5 år, dersom ein legg til grunn at rovdyra skal ha det samme i Snøhetta, som i Trollheimen.

Kalvane på austområdet er mindre enn ønskeleg. Grunnen er er truleg at semlene er dårleg fødde om sommaren. Dei gode sommarbeita er i Sunndalsfjella, men semlene fer ikkje dit. Dei går heller saman med turistar og moskus på dårlege sommarbeite rundt Sjøvhetta.

Skal reinen få att vanen med trekking utover til dei gode beita om sommaren, må dei bli fleire og dei som fer utover må ikkje skytast.

Eg seier;

Gjev du tåteflaske og kraftfor til ein reinskalv, får du tamrein. Skyt du etter han, får du villrein.

Dei som tek livet av villreinen vår, er tobeinte med børse, firbeinte med sterk kjeve og vinga dyr med sterke klør og skarpt nebb.

Skal reinen i Snøhettaområdet overleve, må han no fredast frå dei tobeinte med børse.

Sunndalsøra, 1.4.2024

Erling Rød

QOSHE - Gjev du tåteflaske og kraftfor til ein reinskalv, får du tamrein. Skyt du etter han, får du villrein - Driva Author
menu_open
Columnists Actual . Favourites . Archive
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close
Aa Aa Aa
- A +

Gjev du tåteflaske og kraftfor til ein reinskalv, får du tamrein. Skyt du etter han, får du villrein

5 0
01.04.2024

Fredag 5. april skal villreinutvalget for Snøhetta foreslå jaktkvotar for hausten. Eg meinar at reinen no må fredast.

Frå ei teoretisk utrekning, er det forslag om ein kvote på 50 på vest og 500 på aust. Til grunn ligg ein tenkt vinterstamme i år, ein kalvedel pr semle, fellingsdel pr kort og tenkt naturleg avgang. I den forrige planen vart det rekna med naturleg avgang på 4%. I denne planen er den 6%.

Det er forslag om kvotar som etter teoretiske utrekningar skal gje........

© Driva


Get it on Google Play