I Nordmøre mållag er vi tett på nynorsken. Den siste tida har vi gledd oss stort over tildelinga av Nobelprisen i litteratur til Jon Fosse. Det kan knapt undervurderast kva det betyr at den gjevaste av alle litteraturprisar i 2023 gjekk til ein forfattar som skriv på nynorsk, i hard konkurranse med gode forfattarar frå heile den vide verda! Vi målfolk har unt oss å kjenne på denne store oppturen, før vi igjen gir oss i kast med oppgåvene vi har som lokallag for nynorsk på Nordmøre.

Nynorsken si stilling i lokalavisa Driva er vi opptekne av. Sidan avisa kom ut for første gong i oktober 1971, har Driva stort sett vore ein stødig leverandør av nynorsk til lesarane sine. Det redaksjonelle stoffet var lenge på nynorsk, slik det også var med mykje av det som elles stod på trykk. Dette har profilert avisa, og medverka til særpreget Driva har hatt som formidlar av lokalt samfunns- og kulturliv. Gode skribentar har utfalda seg på nynorsk i spaltene. Da Nordmøre mållag for første gong delte ut Målprisen i 1981, gjekk denne utmerkinga nettopp til avisa Driva. Men i fleire år no har nynorsk hatt ein jamn tilbakegang i avisa. Sterkast har utviklinga vore dei siste par åra. Kanskje vart botnnivået for nynorsk likevel nådd ein gong i 2023, og pila peikar så smått oppover igjen? Vi finn grunn til å stille spørsmålet, og er forventningsfulle til at det kan vera slik.

Eit viktig fundament for nynorsken i Driva i dag er dei faste spaltistane. I tillegg kjem eldsjelene som jamt og trutt leverer stoff om det som rører seg i lag og på tilstelningar i bygdene; dette finn ein oftast som mindre tekstar på dei siste sidene i avisa. Enkelte av Driva-journalistane skriv også til dels på nynorsk. Her er det likevel eit stort vekstpotensiale, særleg når ein rettar blikket mot nokre språklege og kulturelle realitetar: Surnadal kommune, som er heilt sentral for avisa, har nynorsk som administrasjonsspråk. Der får også det store fleirtalet av grunnskuleelevane opplæringa si på nynorsk, som også er opplæringsmål i den største bygdekretsen i grunnskulen i Sunndal. Driva sine lesarar høyrer til i eit distrikt som ligg nynorsken nær, både i talemål og skrift, i historisk perspektiv og i samtida.

I Nordmøre mållag forventar vi ikkje at Driva igjen skal bli ei tilnærma rein nynorskavis. Uvenner med bokmålet er vi heller ikkje, og vi ser ein rikdom i det språklege mangfaldet med to norske skriftspråk og ein flora av dialekter. Men vi minner om at lokalavisene er svært viktige aktørar for skriftkulturen vår og det språklege mangfaldet. Kanskje kan Driva hente inspirasjon frå medienaboen Romsdals Budstikke? Denne by- og regionavisa har dagleg nyheitsstoff på nynorsk, ofte er dette også oppslag på framsida.

Det er stor spennvidde frå Nobelpris til lokalavis, og her har vi retta eit fokus mot begge. For nynorsken sine levekår på Nordmøre er ikkje er lokalavisa minst viktig. Vi håpar derfor å sjå at det spirer og veks enda meir nynorsk i avisa, og vi vil heie på Driva også framover.

Styret i Nordmøre mållag

v / Ingrid Kjønnøy og Astrid Sæter

QOSHE - Nynorsk –  frå Nobelpris til lokalavis - Driva Author
menu_open
Columnists Actual . Favourites . Archive
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close
Aa Aa Aa
- A +

Nynorsk –  frå Nobelpris til lokalavis

7 0
02.03.2024

I Nordmøre mållag er vi tett på nynorsken. Den siste tida har vi gledd oss stort over tildelinga av Nobelprisen i litteratur til Jon Fosse. Det kan knapt undervurderast kva det betyr at den gjevaste av alle litteraturprisar i 2023 gjekk til ein forfattar som skriv på nynorsk, i hard konkurranse med gode forfattarar frå heile den vide verda! Vi målfolk har unt oss å kjenne på denne store oppturen, før vi igjen gir oss i kast med oppgåvene vi har som lokallag for nynorsk på Nordmøre.

Nynorsken si stilling i lokalavisa Driva er vi opptekne av. Sidan avisa kom ut for første gong i oktober 1971, har Driva stort sett vore ein stødig leverandør av nynorsk til lesarane sine. Det redaksjonelle stoffet var lenge på nynorsk, slik det også var med mykje av det som elles........

© Driva


Get it on Google Play