I den nye stillinga si som konstituert rektor listar Tor Grande opp tre punkt som blir viktige for NTNU-leiinga framover: institusjonens autonomi, akademisk friheit og akademisk ytringsfriheit. Samtidig seier han at han ikkje kjenner seg att i at press frå leiinga mot tilsette skal vera ein del av kulturen på NTNU, slik som fleire av dei tilsette vitnar om. Viss ein ikkje erkjenner at undergraving av forskingsfriheita har vore eit problem i institusjonen, korleis skal ein då jobbe for meir akademisk friheit?

Når til og med tidlegare rektor Anne Borg skriv i ei melding til direktør Knut Sunde i Norsk Industri at «akademisk ytringsfriheit og forståinga av den er ein del av utfordringa…» bør det vera eit ymt om at universitetet har ein jobb å gjera.

I det som kan omtalast som eit forsøk i å kansellere to forskarar ved NTNU blir det openbert at styringa av universitetet har blitt bedriftsprega. Som ein del av New Public Management har universiteta fått eit aukande fokus på «sjølvfinansiering». Grande fortel til Khrono at han reagerer på at samarbeid mellom næringslivet og akademia blir sett på som negativt og skittent. Og det er urealistisk å forvente at NTNU skal bryte alt samarbeid med NHO. Det som bør forventast er at avtala mellom universitetet og NHO reviderast slik at ho stadfestar forskarens akademiske friheit.

Borg-skandalen er eit eksempel på at koplingane mellom næringslivet, politikken og akademia blir for tette. Universitetet sin jobb er ikkje å drive næringslivet framover, men å skape kunnskapsgrunnlaget for det. Då kan ikkje næringslivet forhandsbestille vitskapelege konklusjonar.

Grande ynskjer no å gripe kost og feiebrett fatt og rydde opp i det svekka omdømmet til NTNU. Då må me studentar tørre å kreve skikkeleg opprydding. For viss nokon skal reinvaske det akademiske omdømmet til universitetet må ein starte i avtala mellom NTNU og NHO. Så studentar: ikkje tru at samtalen om akademisk ytringsfridom har fått eit punktum ved Grandes konstituering. Og Grande: hald næringstoppane ute av medieframstillinga av kritisk forsking.

LES OGSÅ: Rektorskandalen er over - Hva nå?

Ønsker du å ytre deg i Under Dusken?

Send ditt innlegg til debatt@studentmediene.no

Retningslinjer for debattinnlegg finner du her.

QOSHE - Grande, rydd opp! - Mari Kaslegard
menu_open
Columnists Actual . Favourites . Archive
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close
Aa Aa Aa
- A +

Grande, rydd opp!

7 0
15.01.2024

I den nye stillinga si som konstituert rektor listar Tor Grande opp tre punkt som blir viktige for NTNU-leiinga framover: institusjonens autonomi, akademisk friheit og akademisk ytringsfriheit. Samtidig seier han at han ikkje kjenner seg att i at press frå leiinga mot tilsette skal vera ein del av kulturen på NTNU, slik som fleire av dei tilsette vitnar om. Viss ein ikkje erkjenner at undergraving av forskingsfriheita har vore eit problem i institusjonen, korleis skal ein då jobbe for meir akademisk friheit?

Når til og med tidlegare rektor Anne Borg skriv i ei melding til........

© Dusken


Get it on Google Play