Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Eg høyrde på lokalen onsdag morgon at det nok ein gong var interesse for vindmøller i fjella våre, og når det er komen så langt, så er det nok noko kommunepolitikarane våre har jobba med ei stund, Eg forstår ikkje kva som er gale med dei, som i det heile tatt kan tenka på å ”pepra” fjella våre med vindmøller.

Nå har det ei tid vore diskusjon om veg frå Rus i Etne til Olalivegen. Det er eit stort naturinngrep blir det sagt, og den skal vera så smal og dårleg at den ikkje kan brukast til stort større køyretøy enn ei barnevogn. Denne vegen har altså Statsforvaltaren klaga på.

Men å byggja ut eit svært nett av breie asfalterte vegar på flotte Døldarheia (som er nærmast meg i hjarta av dei aktuelle utbyggjingsområda), det går fint an. Vindmøller som strekkjer seg 100 m og meir til værs og drep fuglar og insekter i haugevis. Om eg blir tatt for å drepa ei ørn, får eg fengsels-straff, men om dei blir drepne av vindmøller er det sjølvsagt heilt greit. Det er berre å nytta dei moderne trylleorda: ”Grønt skifte” og ”Samfunnsnytte”, då kan kva som helst øydeleggjast. Etter som eg forstår har sjølve vindmølleblada ei levetid på rundt 25 år, då er det slite vekk så mykje av dei, at dei ikkje verkar godt nok. Det som blir slite vekk blir spreidd som giftig mikroplast, det er heller ikkje uvanleg med oljelekkasjar, og alt dette kjem oppi drikkevatn-området vårt. Når det blir kaldt i lufta, blir det fare for iskast, då blir det farleg å gå der, og nattefrosten kjem tidlig på fjellet.

Om det er sant at me treng så mykje ny straum som dei seier, og det er det vel når alt skal over på straum, så er det kollossale områder som må byggjast ut for å stetta det behovet med vindkraft. Me vil enda opp med at ”alt” som ikkje er naturpark blir vindpark. I tillegg må vasskraftverka våre køyrast på ein heilt annan måte, når det blæs må dei stengja nesten heilt ned, for så å køyra det dei kan når det blir stille. Korleis vil det verka på livet i vassdraga som er utbygde? Det einaste som nyttar her er atomkraft. Eg ønskjer eigentleg ikkje atomkraft, men det er trass alt betre enn vindkraft. Vindkraft er den kraftutbyggjinga som øydelegg mest natur pr. utbygd KW. Så klagar myndighetene på at atomkraft tar for lang tid å byggja, og lang tid tar det, særleg når dei ikkje byrjar.

Nå ønsker kommunen ny veg mellom Bakka og Solheim, som vil øydelegga ein haug med dyrka mark og natur, men det har me sjølvsagt uendelege mengder av i Vindafjord. Og den vegen vil dei byggja etter at det har kome gang- og sykkelveg frå Ølen til Frønsdal, Espelands-svingane er utbetra, Bjørgjosvingen utbetra, Fiksehompen utbetra og gul stripe over Fikse vedteken.

Eg vart så glad då eg høyrde at berre Bakka–Mo kom med i transportplanen, for der treng vegen oppgradering. Eg håpar verkeleg delen gjennom Vindafjord aldri kjem, og det trur eg og dei gjer i det nye kjøpesenteret i Ølen. Ein ny veg vert jo tryggare, men meir kan og gjerast med den gamle vegen utan så store inngrep.

Politikarane må og tenkja på det som blir øydelagt for folk og dyr, og det er vanskeleg å forstå at det er så viktig for haugesunderar og karmøybuar å komma fem minuttar tidlegare til hyttene sine. Gardsbruk og andre eigedomar blir reduserte og kanskje nærmast utsletta, men eigarane får jo den erstatninga utbyggjarane meiner dei fortener, så då er vel alt flott? Kommunen bør sjå begge sider, og ikkje berre tiljubla all utbyggjing.

I Etne komune prøvde dei å berga naturen frå ny kraftline, men i Vindafjord er det berre å køyra på, sånn eg ser det. Her er det nok natur å ta av, berre utbyggjarane er store og rike, så er det ”Samfunnsnytte” og ”Grønt skifte” som gjeld. Men gjeld det dei alminnelege innbyggjarane, då er det ei heilt anna sak.

Me har alt fått ei kraftline over garden vår, og ventar på den som kjem frå Etne. Dei går rett gjennom gammal natusrkog, som nå skal registrerast og takast vare på, men i Vindafjord spelar det ingen rolle. Når utbyggjar får lov, køyrer dei rett gjennom eit naturområde, om det kostar 20 øre meir å gå utanom, det er jo ”Grønt skifte” og ”Samfunnsnytte”. Me må også ta omsyn til verdiar som ikkje er økonomiske.

Til slutt får eg sei at alle vil ha veg til huset sitt, men vil ikkje bu attmed ein hovudveg, og alle vil ha straum, men ikkje ha kraftliner nær seg. Dette går jo ikkje i saman, men me må også kunna sjå på ulempene med eit prosjekt, og kanskje ikkje alltid velja billegaste løysing.

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

QOSHE - Eit sukk om vindmøller og veg i Vindafjord - Sverre Martin Strand
menu_open
Columnists Actual . Favourites . Archive
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close
Aa Aa Aa
- A +

Eit sukk om vindmøller og veg i Vindafjord

10 0
22.03.2024

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Eg høyrde på lokalen onsdag morgon at det nok ein gong var interesse for vindmøller i fjella våre, og når det er komen så langt, så er det nok noko kommunepolitikarane våre har jobba med ei stund, Eg forstår ikkje kva som er gale med dei, som i det heile tatt kan tenka på å ”pepra” fjella våre med vindmøller.

Nå har det ei tid vore diskusjon om veg frå Rus i Etne til Olalivegen. Det er eit stort naturinngrep blir det sagt, og den skal vera så smal og dårleg at den ikkje kan brukast til stort større køyretøy enn ei barnevogn. Denne vegen har altså Statsforvaltaren klaga på.

Men å byggja ut eit svært nett av breie asfalterte vegar på flotte Døldarheia (som er nærmast meg i hjarta av dei aktuelle utbyggjingsområda), det går fint an. Vindmøller som strekkjer seg 100 m og meir til værs og drep fuglar og insekter i haugevis. Om eg blir tatt for å drepa ei ørn, får eg fengsels-straff, men om dei blir drepne av vindmøller er det sjølvsagt heilt greit. Det er berre å nytta dei moderne trylleorda: ”Grønt skifte” og ”Samfunnsnytte”, då kan kva som helst øydeleggjast. Etter som eg forstår har sjølve vindmølleblada ei levetid på rundt 25 år, då er det slite vekk så mykje av dei, at dei ikkje verkar godt nok. Det som blir slite vekk blir spreidd som giftig mikroplast, det er heller ikkje uvanleg med oljelekkasjar, og alt dette kjem oppi drikkevatn-området vårt. Når det blir kaldt i lufta, blir det fare for iskast, då blir det farleg å gå der, og nattefrosten kjem tidlig på fjellet.

Om det er sant at me treng så mykje ny straum som dei seier, og det er det vel når alt skal over på straum, så er det kollossale områder som må byggjast ut for å stetta det behovet med vindkraft. Me vil enda opp med at ”alt” som ikkje er naturpark blir vindpark. I tillegg må vasskraftverka våre køyrast på ein heilt annan måte, når det blæs må dei stengja nesten heilt ned, for så å køyra det dei kan når det blir stille. Korleis vil det verka på livet i vassdraga som er utbygde? Det einaste som nyttar her er atomkraft. Eg ønskjer eigentleg ikkje atomkraft, men det er trass alt betre enn vindkraft. Vindkraft er den kraftutbyggjinga........

© Haugesunds Avis

Get it on Google Play