Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Ope brev til stortingspolitikarane som høyringsinnspel til ny Nasjonal transportplan 2025-2036.

Gode stortingspolitikarar!

Ved inngangen av 2024 er det brukt over 2 milliardar i planlegging av prosjektet Hordfast. Regjeringa har vedtatt at denne reguleringsplanen skal fullførast. Vil dette sette ny rekord i pengebruk lagt i ei skuff?

Hordfastprosjektet er 55 km firefelts motorveg mellom Ådland på Stord, over Tysnes med påkopling til det ferdige vegprosjektet Os-Bergen. Det er 2 store fjordkryssingar, hengebru over Langenuen og flytebru over Bjørnafjorden. I tillegg er det ei rekke mindre bruer og tunellar, samt kryssløysingar for av- og påkøyringar undervegs.

Fjordkryssingane Langenuen og Bjørnafjorden utgjer til saman 7,2 km av prosjektet på 55 km, tilsvarande 13%. Dermed vil 87% av prosjektet vere veg mellom fjordane. Dette er kvardagsvegen til næringsliv, pendlarar, familiar, bussar, tungtransport og turisme. Dette prosjektet vil kutte reisetida frå 85 minutt til omlag 30 minutt, ein reduksjon på 55 minutt!

Hordfast er ein del av Ferjefri E39, ikkje ein lokalveg mellom Stord og Bergen. Frå Kristiansand mot Stavanger er 4 felts motorveg godt i gang. Rogfast mellom Stavanger og Haugesund er undervegs og skal stå ferdig i 2033. Neste steg er Hordfast. Med Rogfast og Hordfast vil reisetida mellom Stavanger og Bergen gå frå omlag 4,5 timar til 2 timar.

Vestlandet med Vestland, Rogaland og Møre og Romsdal står for 40% av eksporten frå Noreg, utan olje og gass (Eksportmeldingen 2024). Vestland fylke var størst, med i overkant av 230 milliardar i 2023. Samtidig ser vi at veksten i eksport er lågare i vestlandsfylka enn i resten av landet, med unntak av Agder, Nordland og Telemark. Her ligg noko av forklaringa til kvifor Hordfast er eit samfunnsøkonomisk godt prosjekt. Næringslivet på Vestlandet gjer det godt på tross av vesentlege transportulemper.

Næringslivet på vestlandet skal gjennom ei omstilling til nye grøne næringar. Denne omstillinga er godt i gang. Eit samstemt næringsliv mellom Stavanger og Bergen peikar på samferdsle og særskilt Ferjefri E39 som det viktigaste suksesskriteriet for å lukkast med omstillinga. Innovasjonsmidlar og statlege føringar hjelper lite dersom ein vert møtt av ferjer som stenger for flyt av kompetanse, arbeidskraft og gods.

Ferjene vert opplevd som kolonnekøyring. Mellom Stord og Bergen er vegen stengt, men det går inntil 3 kolonnekøyringar i timen, kveld og natt endå skjeldnare. Kolonnekøyringa varer i 50 minutt og går i maks 30 km/t. Dette gjeld ikkje berre når det stormar, som på fjellet om vinteren, men kvar dag - heile året. Dette er ei enorm hindring for flyt av kompetanse, arbeidskraft og gods.

Stord Næringsråd forventar at Stortinget framleis har prosjektet Hordfast inne som prioritert prosjekt i første del av Nasjonal Transportplan, med byggestart i 2027. Dette er i tråd med slik prosjektet har vore planlagt i dei to siste transportplanane. Då får vi sikra at prosjektet vert bygd og sikra at det ikkje set ny noregsrekord i planleggingsmidlar lagt i ei skuff.

Torbjørn Brosvik

Dagleg leiar

Stord Næringsråd

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

QOSHE - Hordfast bind Vestlandet saman - Torbjørn Brosvik
menu_open
Columnists Actual . Favourites . Archive
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close
Aa Aa Aa
- A +

Hordfast bind Vestlandet saman

8 0
05.04.2024

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Ope brev til stortingspolitikarane som høyringsinnspel til ny Nasjonal transportplan 2025-2036.

Gode stortingspolitikarar!

Ved inngangen av 2024 er det brukt over 2 milliardar i planlegging av prosjektet Hordfast. Regjeringa har vedtatt at denne reguleringsplanen skal fullførast. Vil dette sette ny rekord i pengebruk lagt i ei skuff?

Hordfastprosjektet er 55 km firefelts motorveg mellom Ådland på Stord, over Tysnes med påkopling til det ferdige vegprosjektet Os-Bergen. Det er 2 store fjordkryssingar, hengebru over Langenuen og flytebru over Bjørnafjorden. I tillegg er det ei rekke mindre bruer og tunellar, samt kryssløysingar for av- og påkøyringar undervegs.

Fjordkryssingane Langenuen og Bjørnafjorden utgjer til saman 7,2 km av prosjektet på 55 km, tilsvarande 13%. Dermed vil 87% av prosjektet vere veg mellom fjordane. Dette er kvardagsvegen til næringsliv, pendlarar, familiar, bussar, tungtransport og turisme. Dette prosjektet vil kutte reisetida frå 85 minutt til omlag 30 minutt, ein reduksjon på 55 minutt!

Hordfast er ein del av Ferjefri E39, ikkje ein lokalveg mellom Stord og Bergen. Frå Kristiansand mot Stavanger er 4 felts motorveg godt i gang. Rogfast mellom Stavanger og Haugesund er undervegs og skal stå ferdig i 2033. Neste steg er Hordfast. Med Rogfast og Hordfast vil reisetida mellom Stavanger og Bergen gå frå omlag 4,5 timar til 2 timar.

Vestlandet med Vestland, Rogaland og Møre og Romsdal står for 40% av eksporten frå Noreg, utan........

© Haugesunds Avis

Get it on Google Play