Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Regjeringa har no lagt fram sitt framlegg til Nasjonal Transportplan 2025-2036(NTP). Dei siste månadane har representantar frå regjeringspartia gjort det dei kan for å senke forventingane til NTP. Dei siste vekene har dei same representantane frå regjeringspartia reist land og strand rundt for å ete kake og dele ut gode nyhende for meir eller mindre ferdig planlagde vegprosjekt.

Det er då med forundring me no ser at eit av dei mest samfunnsøkonomisk lønsame prosjekta i gjeldande NTP vert flytta ut i uvissa. Hordfast har vore planlagt i mange år og har no ein reguleringsplan som ligg til handsamling hos regjeringa. Dette prosjektet har fagetaten for veg, Statens vegvesen, løfta opp som eit av dei få dei ville prioritere oppstart for i første del av NTP. Regjeringa har prioritert annleis.

Regjeringa har prioritert vekk å knyte samen dei viktige byområda Bergen og Stavanger. Dei har prioritert vekk å skape eit sterkt Vestland der industrien og næringslivet har vore samstemte om at Hordfast er viktig. Dei har prioritert vekk Vestlandet. Regjeringa har svikta Vestlandet.

Det mest positive med denne framlegginga av NTP er at det ikkje er regjeringa som bestemmer. No vonar vi at Stortinget, som skal vedta planen før sommaren, gjer nokre viktige endringar. Næringsråda frå Stavanger til Bergen er samstemte om at Hordfast er det viktigaste prosjektet framover. Ferjefri veg vil komme alle som reiser strekket til gode, men aller mest næringslivet som har ei særleg omstilling framfor seg. Til no har vi lukkast på tross av ferjer. Omstilling til grøne næringar med mindre marginar gjer at konkurranseulempa med ferjer no blir større. Skal vi få til grøn omstilling må regjeringa spele på lag og ikkje vere ein motspelar.

Gode stortingspolitikarar, ikkje gjer som regjeringa, ikkje svikt Vestlandet. Få Hordfast inn i første periode i NTP!

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

QOSHE - Regjeringa sviktar Vestlandet - Torbjørn Brosvik
menu_open
Columnists Actual . Favourites . Archive
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close
Aa Aa Aa
- A +

Regjeringa sviktar Vestlandet

7 0
22.03.2024

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Regjeringa har no lagt fram sitt framlegg til Nasjonal Transportplan 2025-2036(NTP). Dei siste månadane har representantar frå regjeringspartia gjort det dei kan for å senke forventingane til NTP. Dei siste vekene har dei same representantane frå regjeringspartia reist land og strand rundt for å ete kake og dele ut gode nyhende for meir eller mindre ferdig planlagde vegprosjekt.

Det er då med forundring me no ser at eit av dei mest samfunnsøkonomisk lønsame prosjekta i gjeldande NTP vert flytta ut i uvissa. Hordfast har vore planlagt i mange år og har no ein reguleringsplan som ligg til handsamling hos regjeringa. Dette prosjektet har fagetaten for veg, Statens vegvesen, løfta opp som eit av dei få dei ville prioritere oppstart for i første del av NTP. Regjeringa har prioritert annleis.

Regjeringa har prioritert vekk å knyte samen........

© Haugesunds Avis

Get it on Google Play