Erik Stephansen, politisk redaktør i Nettavisen

Kommentaren gir uttrykk for skribentens meninger.

Som det heiter i grunngjevinga til sjefredaktør Gunnar Stavrum:

«Ingen nordmann har i ein slik grad sett Norge på verdskartet i året som har gått.»

Og vidare: «Ved den høgtidelege tildelinga i Stockholm opptredde Fosse på ein så verdig og likefram måte at heile nasjonen blei rørt og stolt.»

Også røystinga blant lesarane til Nettavisen viser at Fosse har stor støtte i folket.

Fosse er noko så gjevt som ein folkeleg og populær nobelprisvinnar, trass i at somme oppfattar han som «sær».

Det trur eg det er fleire grunnar til:

For det første elskar vi nordmenn å bli lagt merke til i utlandet. Så når ein snobbete svenske peikar på oss, og seier at vi har fostra ein som har gjort seg verdig til den gjevaste Nobelprisen av alle – ja kanskje bortsett frå den vi deler ut sjølv – da blir vi så stolte at vi nesten revnar.

Bli varsla om siste nytt: Få Nettavisen-appen til iPhone og Android her!

Så blir det sjølvsagt ekstra stas for mange at den snobbete svensken trekker fram nynorsken, det heilt spesielle folkemålet som Fosse er ein framifrå eksponent for, og som no skal bli omsett til enda fleire språk over heile verda.

Så får det ikkje hjelpe at NRK og folka frå Mållaget tok fullstendig av, og at enkelte kulturkommentatorar særleg på Vestlandet levde seg slik inn i det at dei oppførte seg som det var dei personleg som hadde fått prisen.

Det er flautt, eg medgir det. Men det toler vi.

Det viktigaste er korleis Jon Fosse sjølv stod fram i den internasjonale stråleglansen. Likefram. Smålåten, men verdig. Med hestehale, men slett ikkje med lua i handa.

Og med ei gripande historie.

Mellom anna om då han sprang ut av klasserommet i panikk fordi han blei beden om å lese høgt. Og bestemte seg for at om redsla tok språket frå han, så måtte han ta det tilbake.

Derfor tok han til å skrive eigne tekstar, små dikt, små forteljingar.

Eg trur at svært mange nordmenn har fått med seg og lagt merke til vestlendingen som ifølge Nobelkomiteen er så flink til å seie det useielege.

Det gjeld også nordmenn som aldri har lese verken Trilogien eller Septologien, og som heller ikkje fann på å kome då forestillinga «Nokon kjem til å kome» blei satt opp for første gong på Det Norske Teatret i 1996 – for snart 30 år sidan.

Men som likevel kjenner seg att i denne litt rare og litt folkesky mannen som både har spela i rockeband og gjort opprør mot det han oppfatta som menneskefiendtleg, pietistisk kristendom i små vestlandsbygder.

Men som no tar imot utmerkinga som Årets namn i Nettavisen på trappa framfor St. Olav Domkirke i Oslo, der han rett etterpå skal inn til messe.

For om Jon Fosse er aldri så rotnorsk, er han også noko så unorsk som katolikk.

Han er også seksbarnsfar. Og no avholdsmann, etter at han i 2012 kollapsa etter å ha drukke døgnet rundt i to månader.

Ein allsidig mann, med andre ord, som akkurat no er blitt peika ut som verdas beste forfattar.

Og er du ein av dei som ikkje har lese noko av Fosse, men likevel lese heilt hit i hyllesten frå Nettavisen, kan eg forsikre om at den snobbete svensken har heilt rett:

Jon Fosse er ikkje vanskeleg.

Den første romanen «Andvake», i boka Trilogien, om det unge kjæresteparet som kjem til byen og ikkje finn seg plass å bu, til dømes: Den er tvert om enkel og likefram.

Det same med fleire av historiene i Septologien, til dømes der den aldrende Asle på sjølvaste julaften drar med ei gammal tresnekke innover fjorden sammen med naboen for å ete pinnekjøtt og drikke øl med Systra, naboen si syster, ei som Asle kanskje har møtt før – vi blir aldri helt sikre.

Les meir av Erik Stephansen

Sært, seier du? Ikkje særare enn at folk over hele verda kjenner seg att og blir sugd inn i historia og kanskje oppfattar noko som eigentleg ikkje lar seg fortelje.

Kanskje om det useielege, som svensken sa det.

Eller om det Fosse sjølv vil kalle Gud.

Eller om det alle vi andre kan kalle akkurat det vi vil.

QOSHE - Derfor er Jon Fosse Årets namn i Nettavisen - Erik Stephansen
menu_open
Columnists Actual . Favourites . Archive
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close
Aa Aa Aa
- A +

Derfor er Jon Fosse Årets namn i Nettavisen

12 1
22.12.2023

Erik Stephansen, politisk redaktør i Nettavisen

Kommentaren gir uttrykk for skribentens meninger.

Som det heiter i grunngjevinga til sjefredaktør Gunnar Stavrum:

«Ingen nordmann har i ein slik grad sett Norge på verdskartet i året som har gått.»

Og vidare: «Ved den høgtidelege tildelinga i Stockholm opptredde Fosse på ein så verdig og likefram måte at heile nasjonen blei rørt og stolt.»

Også røystinga blant lesarane til Nettavisen viser at Fosse har stor støtte i folket.

Fosse er noko så gjevt som ein folkeleg og populær nobelprisvinnar, trass i at somme oppfattar han som «sær».

Det trur eg det er fleire grunnar til:

For det første elskar vi nordmenn å bli lagt merke til i utlandet. Så når ein snobbete svenske peikar på oss, og seier at vi har fostra ein som har gjort seg verdig til den gjevaste Nobelprisen av alle – ja kanskje bortsett frå den vi deler ut sjølv – da blir vi så stolte at vi nesten revnar.

Bli varsla om siste nytt: Få Nettavisen-appen til........

© Nettavisen


Get it on Google Play