Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Øyvind Lyngås tar opp sjølvforsyning og matberedskap i eit TK-innlegg 26. mars. Norsk mat på alle norske bord burde vera eit slagord som runga gjennom regjeringskontora. Men dette er langt frå tilfelle.

Ein spiker i kista

I meir enn 40 år har den globale makteliten, folk med privatfly til det årlege Davosmøtet, brukt sin kreativitet for å skaffe seg kontroll over folket i alle land. Eit middel er å ta kontroll over kva mat folk får tilgang til, eller gjennom propaganda – får lyst til å kjøpe.

Usunn prosessert mat er eit vesentleg middel mot dette målet. Svertekampanje mot landbruket og sunn naturleg mat er eit strategisk verkemiddel. Det har difor stadig i heile denne perioden blitt lansert restriksjonar og krav til landbruket som skal undergrave lønsemda i matproduksjonen. Slik skal bøndene gi opp og legge ned drifta.

Nyleg leverte eit såkalla ekspertutval med fleire professorar innstilling om kosthaldsråd til helseminister Ingvild Kjerkol. Råda frå utvalet føyer seg inn i agendaen til den internasjonale makteliten si makt over kva som skal vera politisk korrekt kosthald. God folkehelse og berekraftig helsestell, eller endå ein spikar i kista for norsk mat?

Her står rådet om lettprodukt sentralt. Eg reknar med at minst ein professor i dette utvalet må ha kjennskap til korleis cellene i kroppen vår er bygde. Vi veit at det er mange ulike treslag i ein skog utan at alle treslaga er velegna til berande konstruksjon i eit hus. På same vis er det mange ulike feittsyrer i ulike feittkjelder. Cellene i hjernen treng langkjeda omega-3 feittsyrer med 20 til 22 karbonatom og andre stabile feittsyrer. Dessutan nok kolesterol for å byggje eit nettverk av nervetrådar som støttar vårt kognitive potensial.

Prosessert olje frå frø har stort innhald av den ustabile omega-6 feittsyra linolsyre. Rapsolje inneheld i tillegg plantegifta erukasyre, ei omega-9 feittsyre. Desse feittsyrene fremjer inflammasjon og betennelse. Grenseverdi for eurokasyre i vegetabilske oljer og feittstoff er fastsett i «Kommisjonsforordning (EU) nr. 696/2014 24 juni»

Redusere risiko

I heile 1900-talet var forbruket av metta feitt stabilt. Overvekt hos barn og ungdom i mi ungdomstid på 50 og 60-talet var eit uhyre skjeldant syn. Frå rundt 1950 fekk den farmasøytiske industrien etablert eit dogme om at livsviktig kolesterol var farleg. Metta feitt vart peika ut som syndebukk. Men auken i dei store folkesjukdomane kom etter kvart som forbruket av sukker, alkohol og olje frå frø (solsikke, mais, raps med fleire) gjorde sitt inntog i kosthaldet. Livsstilssjukdomar som hjarte/kar, kreft og Alzheimer har eksplodert.

Straks forholdet mellom omega-6 og omega-3 blir høgare enn 3 til 1 får det negative konsekvensar for både fysisk og psykisk helse. Det er i dag heilt vanleg blant folk flest å vera oppe på 15 til 1 mellom dei to feittsyrealternativa. Berre å redusere forholdet mellom omega-6 og omega-3 ned mot 4 til 1 kan redusere risiko for hjarte/karsjukdom med 70 prosent.

Ein studie frå Värmland i Sverige bør vera tankevekkande for alle som trur på myten om det skadelege kolesterolet. Ved ein helsesjekk av 79.777 personar såg dei på samanhengen mellom kolesterol og aggressiv åtferd. For menn og kvinner mellom 24 og 70 år som hadde vore arrestert to eller fleire gonger for valdeleg kriminalitet, vart det utført ein gjennomgang av andre variable tilhøve. Det vart funne ein signifikant samanheng mellom død ved vald (mord, sjølvmord og ulukke) og låge verdiar av kolesterol.

Fruktose frå raffinert sukker og alkohol gir høvesvis 114 og 158 prosent auka risiko for å danne urinsyre i blodet. Dei kvasskanta urinsyrekrystalla kan gi sår i åreveggane. Urinsyre utløyser også ein hungerreaksjon med lagring av feitt i buken. Det såkalla «farlege bukfeittet». Meieriprodukt og grønsaker reduserer risikoen med 44 og 14 prosent for å danne urinsyre. Tala er frå ein studie dr. David Perlmutter har med i boka «Drop Acid» (2022).

Eit vådeskot

Det var etter at oljer frå frø, hyller med smågodt og øl vart lett tilgjengelege i kjøpesenteret at hjarte/kar-sjukdom og fleire andre livsstillidingar skaut fart. Meieriprodukt, ekte smør medrekna, er her uskuldige og heller ei reell motvekt.

Meierismør inneheld gode feittsyrer som er nyttig byggemateriell til stabile cellemembranar og god helse. Difor må kosthaldsråd om å avstå frå smør og fløyte kome frå ein internasjonal agenda med eit svekka landbruk som mål. Basert på cellene våre sin bygning og biokjemiske funksjon er dette eit vådeskot langt ut i skogen.

Les også

Et skikkelig løft for landbruket og matproduksjonen er nødvendig

Les også

Høyre vil styrke norsk matproduksjon

Les også

Hvis fjorden blir full av sjøpung, hva da?

Les også

Hønas egentlige verdi

Les også

Regjeringens klimapolitikk bygger ned fiskerinæringen

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

QOSHE - Sjølvforsyning og kosthaldsråd - Jon Samuel Håbrekke
menu_open
Columnists Actual . Favourites . Archive
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close
Aa Aa Aa
- A +

Sjølvforsyning og kosthaldsråd

12 0
09.04.2024

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Øyvind Lyngås tar opp sjølvforsyning og matberedskap i eit TK-innlegg 26. mars. Norsk mat på alle norske bord burde vera eit slagord som runga gjennom regjeringskontora. Men dette er langt frå tilfelle.

Ein spiker i kista

I meir enn 40 år har den globale makteliten, folk med privatfly til det årlege Davosmøtet, brukt sin kreativitet for å skaffe seg kontroll over folket i alle land. Eit middel er å ta kontroll over kva mat folk får tilgang til, eller gjennom propaganda – får lyst til å kjøpe.

Usunn prosessert mat er eit vesentleg middel mot dette målet. Svertekampanje mot landbruket og sunn naturleg mat er eit strategisk verkemiddel. Det har difor stadig i heile denne perioden blitt lansert restriksjonar og krav til landbruket som skal undergrave lønsemda i matproduksjonen. Slik skal bøndene gi opp og legge ned drifta.

Nyleg leverte eit såkalla ekspertutval med fleire professorar innstilling om kosthaldsråd til helseminister Ingvild Kjerkol. Råda frå utvalet føyer seg inn i agendaen til den internasjonale makteliten si makt over kva som skal vera politisk korrekt kosthald. God folkehelse og berekraftig helsestell, eller endå ein spikar i kista for norsk mat?

Her står rådet om lettprodukt sentralt. Eg reknar med at minst ein professor i dette utvalet må ha kjennskap til korleis cellene i kroppen vår er bygde. Vi veit at det er mange ulike treslag i ein skog utan at alle treslaga er velegna til berande konstruksjon i eit hus. På same vis er det mange ulike feittsyrer i ulike feittkjelder. Cellene i hjernen treng langkjeda omega-3 feittsyrer med 20 til 22 karbonatom og andre stabile feittsyrer. Dessutan nok kolesterol for å byggje eit nettverk av nervetrådar som støttar vårt kognitive potensial.

Prosessert olje frå frø har stort innhald av den ustabile omega-6 feittsyra linolsyre. Rapsolje inneheld i tillegg plantegifta erukasyre, ei omega-9 feittsyre. Desse feittsyrene fremjer inflammasjon og betennelse. Grenseverdi for eurokasyre i vegetabilske oljer og feittstoff er fastsett i «Kommisjonsforordning (EU) nr. 696/2014 24 juni»

Redusere risiko

I heile 1900-talet var forbruket av metta feitt stabilt. Overvekt hos barn og ungdom i mi ungdomstid på 50 og 60-talet var eit uhyre skjeldant syn. Frå rundt 1950 fekk den farmasøytiske industrien etablert eit dogme........

© Tidens Krav

Get it on Google Play